søndag 19. april 2009
To be continued...
fredag 9. januar 2009
Barnehagegut

Onsdag 7.januar byrja Casper med tilvenning i Øyjorden barnehage, avdeling Parsellhagen. Det er ein kjempestor, ny barnehage som åpna i november 08. Desverre ligg den såpass langt vekke at vi bruker 1 time kvar veg alt i alt med spasering og buss, så det vert tidleg opp. Første dagen var imidlertid pappa med, og kunne køyre oss med bil. Iført nytt ullundertøy frå bestemor i Sogn, nye strikkeklede frå morfar og Gunnvor og ny skinnjakke frå mamma var han rund som ein ball og spent på kva som var i gjerde.
Det første vi såg då vi kom inn døra, var Casper sin eigne knagg! Ingen tvil om at dette er plassen til den kulaste Casanovaen på Parsellhagen.
Caspers første jul

tirsdag 25. november 2008
Badenymfen


No er badet nesten ferdig! Det einaste som manglar, er dusjdøra... Så lilleskatt fekk utfalde seg fritt utover badegolvet i går, og det var KJEMPESTAS! Mamma fekk tatt masse herlege bileter, og tykkjer at nokre av dei egnar seg som reine kunstfoto. Sånn ein vakker prins! Synd at eg ikkje er like flink til å presentere bileta på nett som tante Irene, men motivet er no trass alt det viktigste ;) 

lørdag 18. oktober 2008
Casper Clatremus
No er det jammen lenge sidan eg har vist fram klumpen! Det har hopa seg opp litt med skulearbeid for tida, og no har vi "flytta" opp ein etasje til svigers si leilighet medan badet vårt vert pussa opp. Dvs at nokon form for lesing mellom sju og tre er utelukka. Skal legge ut bileter når eg får tid av korleis det ser ut der nede (dei har b.a. knust yndlingskattekoppen min som eg fekk av tante Sissel, snufs!), men for denne gong vert det berre ei oppdatering på klatremusa. torsdag 4. september 2008
Sjukdom
Men no er endeleg alle i familien friske og blide igjen - bank-i-bordet!! Casper er så blid og skjønn som dagen er lang. Vi må berre susse på han heile tida, og vi får faktisk kos tilbake. Han knuga armane rundt halsen vår, og seier aaaah! (Trur eg må være tilgjeven for blodprøva då?) Ellers så crawlar han seg framover i ein slik fart at Oen kan gå og legge seg, og får målretta fatt i det han vil ha, sjølv om magen framleis er nedi bakken. Det han helst vil ha tak i, er alle formar for ledningar - om det står ei tung lampe fast i andre enden, rett over hovudet på han, det får være opp til mamma å ta seg av i tide.
fredag 1. august 2008
Sommarferie!
I sommar har vi farta mykje, til Førde, til Grimstad, og til København. Kjempekjekt for både mamma, pappa og Casper å få være saman med familien på Sørlandet ei stund også. Oldemora der var så snill og lot oss bu der heile gjengen, med natteskrik og rot og alt som høyrer med. (Det gjeld for så vidt folket i Førde også!) Og jammen lærte ikkje Casper seg å sove skikkelig i Grimstad. Etter knapt ingen søvn dei siste vekene, sov han siste natta der 20.00-06.30, og det har han fortsatt med. Kun dei som framleis har småbarnstida friskt i minne vil truly kunne forstå for eit vidunder noko slikt er..! =)
Å ta fly for første gong gjekk betre enn vi frykta, så lenge vi hadde dobbel dose med melk på flaske klar - landing og take-off var faktisk ganske spennande! (Ikkje for mamma då, og spesielt ikkje når pappa satt ved sidan av og minte på kor stort maskineri som var i gang og kor utruleg det var å få alt til å fungere...)
I København var det heitt-heitt-heitt, og neste bilete beviser ein gong for alle at sjølv om mor oppheld seg fire dagar i strekk utandørs i 140 varmegrader, så har ho framleis samme hudfarge som sin seks månader gamle sønn. (Gratulerer med overstått halvtårsdag til Casper forresten, som feira dagen med å få tann nummer to nede!)
Til slutt måtte eg ta med to ting som eg sjølv (og kanskje berre eg) tykkjer er fantastisk 
morosamt. Det første er eit bilete frå Tivoli - eg tykte det var ein strålande plakat gutane mine hadde valgt å sette seg under... ;) Det andre er den einaste turistattraksjonen vi reiste for å sjå på: H.C Andersens "Den lille Havfruen og Den Indiske Mannen".