I dag er det fredag, og det er en time til eg skal sette meg ned og virkelig kose meg med idol og pizza. Først skal eg berre skryte litt over kor hardt eg har jobba med artikla heile veka, og attpåtil har eg fått oppretta en blogg som ser ut til å fungere, etter oppfordring frå tante Irene. Så no kan alle følge kiloa og sjukehusbesøka og det som måtte hende i Endregårdsveien 11, og ingen bli snurt for at eg "ikkje lar høyre frå meg". (Tante Irene har ikkje klaga altså). Veldig kjekt om folk legg att kommentarar også, så eg kan høyre korleis det står til i andre enden!
Dette bildet er frå snarturen vi hadde til London i Oktober, og illustrerer godt studenten Andrine, syns eg. Hadde det ikkje vore for store koppar kaffi veit eg ikkje korleis det skulle gått. Så får eg heller berre leve med at Minsten kanskje blir hyperaktiv *banke i bordet*