mandag 31. desember 2007

Gåvedryss

Det er ikkje alle forunt å komme heim att frå jul med to bilar fullasta med gåver. Vi har fått så mykje at eg er reint overvelda. Foreldra mine og foreldra til Bård har vore spesielt gavmilde med kjøkkenutstyr, og det har også mormor og morfar, tante Lillian og Magne og farmor Ingrid på Sørlandet, for å nevne fleire. Vi har fått espressomaskin, blender, steikesett, snaxy vannkoker, og for ikkje å snakke om mengder på mengder av vårt nye samleservise, extreme platinum ;)

Mest av alt er eg imponert over kor snille alle er med tanke på Minsten. Det er nok ikkje berre berre å venne seg til tanken på at ein skal verte både besteforeldre og oldeforeldre og alt mulig, kanskje også ein del år før ein hadde tenkt seg. Likevel får vi kun lykkeønskningar, og alle stiller opp. Frå Solvangåsen har vi fått gavekort som har resultert i stellebord, kleskommode og klutar. Frå Bruland har vi fått ein nydeleg voksipose, og frå Kaupanger har vi fått overtatt bilsete, leikegrind, kurv, vogn og haugevis med klede - som mamma har stått og vaska opp til meg i hundre omgangar i jula. Tante Irene sendte nytt, stilig sett med klede til Minsten saman med julegåva til mor, og besteforeldrene i Sogndal har stilt seg på venteliste for neste ting vi finn ut vi treng på utstyrslista. Gode råd er gitt, tilbod om barnepass, og hjelp til dåp. Og dette er berre ein liten del nemnt for å gje døme, så ingen må føle seg gløymde.

Det eg vil fram til, er i grunn å berre fortelle alle kor utruleg takknemleg vi er for alt det alle har stilt opp for oss - og det allereie før Prinsen er fødd. Lovar å legge ut bilder etterkvart som tinga vert tekne i bruk!

Ellers takk for alle julegåver og helsingar til både meg, min kjære, Minsten og Ma Cherie. Eg er ikkje så flink med kort og telefonar alltid, så eg får krysse fingrar for at dei fleste les her :s Måtte de ha ei glitrande nyttårsfeiring, og eit deilig år i 2008. Alt ligg i alle fall til rette for det i Endregårdsveien 11 ;)