torsdag 19. juni 2008

En helt vanlig dag på jobben

Casper er like glad i rutiner som mammaen sin, og vi blir like sure begge to hvis noken andre gjer til at vi ikkje får gjere ting slik som, og når, vi pleier!


Med god innsats frå pappa ei vekes tid søv vi no så godt som heile natta, utan mat. Casper våknar i fem-halv seks tida, og då er det frukost og sløving i senga til vi står opp litt før seks. Litt over sju er han klar for å sove att eit par timar, og det er som regel mamma òg. Etter brunch og eit par timar med leik på golvet, tek han seg ein liten lur eller to til, inkludert lunch rundt halv to.

Vi prøvar og å snike inn ein minilur til litt før fem, for å halde ut resten av kvelden. Formiddagen er ei fin tid, der Casper (som regel...) er blid og fornøgd, og mamma får gjort (ein brøkdel av) det ho skal.


Når ettermiddagen kjem, må det litt meir underhaldning til. Gjerne ein trilletur, eit bad, eller aktiv leiking og tøysing på golvet. Eller, helst av alt, ein runde i hoppegynga. Det er verkeleg det kjekkaste i verda!


Rundt sju er det tid for graut, og det er òg eit høgdepunkt for minsten. SÅ mykje betre enn den dumme melka! Han slurpar i seg ein heil porsjon med mais og havregraut. Etterpå kosar vi, les dagens velsignelse frå boka vi fekk av Sørlandsoldemora til dåpen, og så er det mars i seng klokka åtte. Då sovnar han som regel heilt sjølv utan å gråte, før det er på'an igjen klokka fem.







Nye merittar er rulling frå mage til rygg fire gongar, og ganske presis griping og føring av rangle frå hand til munn. Men det skulle no berre mangle, når ein fyller fem månader på lørdag ;)