torsdag 4. september 2008

Sjukdom

Dei siste vekene i nummer 11 har vore ganske strie. Først fikk Casper høg feber, og var så slapp og trist over fleire dagar at vi ville høyre med legen kva det kunne være. Der satt han tillitsfullt på fanget mitt og såg på den hyggelege dama, som plutseleg stakk han hardt i fingeren. Og jaga mamma denne fienden vekk? Neida, mamma holdt Casper fast, så ho fekk klemme ut blod. Skjønar godt at han hadde vanskeleg for å tilgje oss begge, og at det var pappa som måtte trøste...




Vi fekk vete at han mest sannsynleg hadde tredagarsfeber, den fjerde barnesjukdommen. (Heilt ufarleg og kortvarig, heldigvis) Og ganske riktig, dagen etter kom prikkane over heile guten, som er avslutninga på sjukdommen. Dagen etterpå vart imidlertid Casper skikkelig forkjøla. Tett i nasa, hosta, og det var ikkje på tale å sove om natta no heller. Og pappa var forkjøla og måtte jobbe, og mamma vart kvalm og fekk feber, og hadde to oppgåver å skrive på skulen. (Dette bildet må ein kanskje trykke på for å få det større, skal ein sjå prikkane)



Men no er endeleg alle i familien friske og blide igjen - bank-i-bordet!! Casper er så blid og skjønn som dagen er lang. Vi berre susse på han heile tida, og vi får faktisk kos tilbake. Han knuga armane rundt halsen vår, og seier aaaah! (Trur eg må være tilgjeven for blodprøva då?) Ellers så crawlar han seg framover i ein slik fart at Oen kan gå og legge seg, og får målretta fatt i det han vil ha, sjølv om magen framleis er nedi bakken. Det han helst vil ha tak i, er alle formar for ledningar - om det står ei tung lampe fast i andre enden, rett over hovudet på han, det får være opp til mamma å ta seg av i tide.
På forrige barselgruppe var det to ungar som satt, stø som fjell, på teppet og leika. (Casper følte seg ikkje underlegen av den grunn, han låg på magen og brølte til dei, så samtlege byrja å grine og måtte opp til foreldrene - kjempekjekt...) Men då vi kom heim, tenkte eg at vi måtte øve litt på å sitte vi og. Og det tok ikkje mange dagane før han skjønte det. Sjå berre kor stolt han er!