søndag 19. april 2009
To be continued...
Livet i nummer 11 er over, og det nye i Øyjordsveien kan no følgast på: http://casperemil.blogg.no :)
fredag 9. januar 2009
Barnehagegut



På avdelinga er det rundt 10 andre born, og fire vaksne. Den yngste er ei jente på 7 mnd, og dei eldste er to år. Casper var litt flau heilt med det same, men var ikkje redd eller lei seg. Han brukte det meste av tida til å sitte å observere og å ta inn alt det nye. Etterkvart kraup han også rundt og undersøkte alle dei spennande leikane. Og sjølvsagt, alt med hjul. Dei hadde masse fine tog! Kvar gong han såg ein ny fin leike måtte han snu seg til mamma eller pappa for å sjå om dei tykte at den var like fantastisk. Mange av dei andre ungane ville leike med akkurat det toget Casper leika med til ei kvar tid, men det syns han var heilt greit, og smilte til dei som snakka til han, uansett om dei så "Hei" eller "MIN!!!".

Dag 2 fikk mamma beskjed om å gå seg ein tur ein times tid, og det gjorde ingenting å seie hadet. Men då ho kom tilbake, kunne ho sjå ei stor, fornærma leppe som hang langt ned på magen. Og då fjeset kjende att forædaren som kom inn døra, turte han å sleppe laus gråten skikkelig. At du kunne, mamma!! Personalet sa at han hadde vore litt lei seg, men at han lot seg trøste fint, men det hjalp ikkje stort når mamma sjølv høyrde dei sei akkurat det same til foreldra til ein gut som var heilt hysterisk når mora var vekke...
Mamma gruar seg litt til dei første dagane eller vekene når ho skal være lengre vekke, og må ta farvel med eit tårevått fjes som skjønar at han skal være aleine, men samstundes er Casper ein blid, trygg og tillitsfull gut, så vi er heilt sikre på at det kjem til å gå kjempefint innen kort tid.
Caspers første jul
Pakkeåpning i pysjen. Måtte åpne både dagen før julafta og dagen etter for å bli ferdig!

Eit alvordsord til "kusine" Bertine over dei fine klossane han fikk av ho og Elias til jul:
Abonner på:
Innlegg (Atom)