lørdag 12. juli 2008

Nye greier



Det er jammen masse nytt no om dagen. For det første har Casper fått ei tann! Nede i midten, på venstre side for oss. Men den får ein ikkje ta bilete av sånn heilt utan vidare. Tannpussen derimot, er han villig til å dokumentere.
Mamma har også kjøpt noko nymotens greier som heiter Baby Safe Feeder. En kjempekul, kjempesølete greie som ein puttar frukt eller grønnsaker inni, og så kan ein knaske i vei utan å få bitar i halsen. Lindrar kløe og fremmar tyggeevne gjer den også ;)

Casper veg no 8,1 kg (mamma kjenner det i ryggen) og er 70 cm lang. Han får frukt på formiddagen, middagsglass midt på dagen, og deilig godnattgrøt til kvelds.
Tutekopp har han fått seg òg, men det er mest leiking og ikkje så mykje vatn-drikking foreløpig.
Rullinga går som det suser, og er han i slag kan han ta reine piruettane bortover. Ma Cherie blir stadig meir spennande å følge med på, og her om dagen lo Casper så hjarteleg når han så på ho at ho vart litt fornærma. Og så er det kjempestas med Ro, Ro til Fiskeskjær, då!















Ingen kommentarer: