tirsdag 22. januar 2008

Kjem du snart, lille venn?

Alle spør etter deg allerede, endå det er ei heil veke til du har fått beskjed av legane om å komme. Ein kan nesten ikkje forvente, med 50% av mine gener, at du skal komme FØR avtalen. Eg reknar i grunn med at du har tenkt å kose deg der inne heilt til du blir tvinga ut.

På den andre sida, så kan du både puste sjølv og regulere temperaturen din og alt som trengs no. Og som du ser, har vi kjøpt ein superfin stellekommode til deg for ein del av gavekortet frå Solvangåsen. Eg har mekka ei heilt personlig korg til deg som du skal sove i den første tida, og pappa køyrer rundt med bilsetet ditt i bilen kvar dag. Så du kan trygt komme no! Det hadde faktisk passa strålande med forelesningane om du kunne komt innen 2.februar (sjølv om erfarne fuglar har kviskra meg i øyret at ein visstnok ikkje kan gå på forelesning tre dagar etter fødsel...)

Til og med Ma Cherie er spent no, og har skjønt at det er noko som er i gjere. Ho er kanskje den som gledar seg minst, ho driv og demonstrerer eit eller anna, men eg lovar å kaste ho ut av stolen din og vaske den ein gong til når du berre kjem ut.

Håper vi får treffe deg snart!

1 kommentar:

Anonym sa...

GRATULERER aller hjerteligst
kjære Andrine og Bård !!
Og mange takk for meldingen som kom
så fort! Nå som jeg har sett bilder
av guttene dine - fire av den lille og ett av den store - har jeg liksom sett litt mer inn i din nye situasjon og oppfattet at alt er godt. Nydelig! Lykke til med den store oppgaven!Mvh."Oldemor"