tirsdag 4. mars 2008

Her er eg!

Endå så flink eg var og satte i gang riene allereie morgonen etter mamma posta forrige innlegg, så har ho ikkje lagt ut bileter av meg før eg er store guten! No skal det nemnast at ho har vore utan både datamaskin og internett, men no har ho atså fått flunkande ny som førbursdagspresang av mormor og bestefar. (Tru om eg vert like bortskjemt?)


Her er iallefall eit knippe av mine første fem veker. Litt av ein kjekkas, eller kva?

Ingen kommentarer: