søndag 30. mars 2008

Bryllaup

Ja, no nærmar det seg sopass at eg ligg våken om nettene og minner meg sjølv på alt eg kjem til å gløyme å ordne til den store dagen...

LITT har vi i allefall fått ordna. For eksempel ligg det ønskelister ute hos alle Tilbords og Black Design butikkar i Norge. Bård har laga ei lita liste over nokre reise- og overnattingsmulighetar (nederst i dette innlegget), og for dei som veit at dei har lyst å bidra med sang, tale e.l, kan gjerne gje beskjed til Toastmaster Kjetil Johan, på tlf 48048648. (Det er sjølvsagt også lov å være impulsive på dagen for dei som ikkje har bestemt seg.) I tillegg må eg berre beklage at ingen har motteke takkekort for presangane vi har fått ifm fødselen endå, men det må berre nedprioriterast til semesteroppgåve, bryllaup og dåp er overstått... Fram til då; ein stor, felles TUSEN TAKK!

Til slutt må det nevnast at Casper Emil vert navnet på pluggen vår. Casper (med C altså) til kvardags, og Casper Emil når ein er formell, eller sint... Emil uttalast Emiiil, og ikkje Eeemil. Då er det forklart ein gong for alle, så han slepp å presentere seg slik i framtida ;)

Han veg no 6,5 kilo og er 63 cm lang (4,1 og 52 ved fødsel), held nakken sin sjølv, smiler og ler, og ser i det heile tatt ut som ein halvtårsgammal baby framfor 2 månader. Apetitten er umetteleg, og han har fått ein kvit flekk i tannkjøttet som mamma og pappa og bestemor i Sogndal trur er ei tann, sjølv om mormor insisterer på at det er ein ulumskheit. Og så tjukk og god og deilig som dette er han:


Vi oppdaterast!
Overnattingar i Sogndal:

Sogndal Quality Hotel
- tlf: 57 62 77 00

Hofslund Fjord Hotel
- tlf: 57 62 76 00

Lægreid Hotel
- tlf: 57 62 88 88

Når det gjeld transport til Sogndal, går det buss både frå Oslo og Bergen, med fleire daglege avgangar. Desse korresponderar og med bussar og tog frå andre delar av Sør-Noreg.
Det er og mogeleg å koma seg til Sogndal via luftvegen. Frå Bergen har widerøe to daglege avgangar, her er det og korrespondering med fly frå alle delar av Sør-Noreg, då hovudsakleg frå Oslo, via Bergen.
Foretrekk ein sjøvegen, går det ekspressbåt frå Bergen med daglege avgangar klokka 16.30.
Til sist kan ein sjølvsagt køyre eigen bil, og Sogndal ligg soleis sentralt plassert med enkel tilkomst frå alle landsdelar.

1 kommentar:

Irene [Gi det videre] sa...

Heisan! So flott, no veit eg kor eg skal gå for å finne riktig gåve! Og du verden kor stor Casper Emiiil allereie har vorte! Sånt eit herleg smil :smelte: Gler meg MASSE til å vere med dokke på den store dagen!! Klem frå tante & gutane