Men som dei fleste veit, har det vore både bryllaup og dåp i nummer 11 sidan sist. (Under her greidde kompisen til Bård å dokumentere dei fem sekunda i løpet av dåpsseremonien der Casper ikkje skreik som ein stukken gris...) Ein høgst vellykka dag, med flott vær, nydelege talar og songar, og god mat. I alle fall fekk vi som hadde den fordelen å bli servert først, god mat... :)
Det har imidlertid blitt lite hvetebrødsdagar. Bård byrja på jobb klokka fire natt til mandag etter bryllaupshelga, og der har han i grunn vore sidan då. Eg og Casper har bygd vitrineskåp til alle dei flotte bryllaupspresangane, og er i gong med ei bokhylle han skal få ha alle bøkene han fekk i. I tillegg har eg jo eksamen den 12. juni, der det er ein del å ta att, så eg har ommøblert litt i stova og laga ein liten hybel til Casper ved sida av leseplassen min. Og sånn går nu dagan!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar