onsdag 23. april 2008

Litt dåp

Til de som har etterlyst gåvetips til Dåpsbarnet, så kom eg plutselig på noko under eine ammeøkta i natt. Casper kan jo begynne litt med graut om ein månads tid, og då hadde det vore kjekt om han hadde noken fine skåler og skeier som er berre hans, og litt meir spennande enn alt det svarte serviset til mamma og pappa!


Det er også tid for å sende sangheftet til trykking no, dersom nokon skulle ha noko på lur som dei vil ha med. Og eg håpar dei som har lest siste stykket mitt i Fylkesmagasinet ikkje misforstod den eine, kronglete setninga. Eg tykkjer ikkje det er berre nesten koselig med songar skrive til oss - eg syns det er 100% koseleg! Det med nesten hadde med melodien å gjere, og var i grunn berre tøys og vas. Det er kun dei songane vi skal velge ut sjølv for å introdusere kaffi og kaker og liknande eg ikkje er så fan av. ALT nokon andre enn brudeparet ønsker å bidra med, er både ønska og meir enn hjertelig velkomment. Kors på halsen!


Må også gratulerer Niclas med dagen idag ;)

Avsluttar med to bileter frå då Casper var med mamma og venninne på cafètur i finveiret! (Nei, eg gir han ikkje is, han fikk berre lov til å leike med skeia)


Ingen kommentarer: