




Nærare bestemt Andrine, Casper og Ma Cherie
Å ta fly for første gong gjekk betre enn vi frykta, så lenge vi hadde dobbel dose med melk på flaske klar - landing og take-off var faktisk ganske spennande! (Ikkje for mamma då, og spesielt ikkje når pappa satt ved sidan av og minte på kor stort maskineri som var i gang og kor utruleg det var å få alt til å fungere...)
I København var det heitt-heitt-heitt, og neste bilete beviser ein gong for alle at sjølv om mor oppheld seg fire dagar i strekk utandørs i 140 varmegrader, så har ho framleis samme hudfarge som sin seks månader gamle sønn. (Gratulerer med overstått halvtårsdag til Casper forresten, som feira dagen med å få tann nummer to nede!)
Til slutt måtte eg ta med to ting som eg sjølv (og kanskje berre eg) tykkjer er fantastisk morosamt. Det første er eit bilete frå Tivoli - eg tykte det var ein strålande plakat gutane mine hadde valgt å sette seg under... ;) Det andre er den einaste turistattraksjonen vi reiste for å sjå på: H.C Andersens "Den lille Havfruen og Den Indiske Mannen".
Men som dei fleste veit, har det vore både bryllaup og dåp i nummer 11 sidan sist. (Under her greidde kompisen til Bård å dokumentere dei fem sekunda i løpet av dåpsseremonien der Casper ikkje skreik som ein stukken gris...) Ein høgst vellykka dag, med flott vær, nydelege talar og songar, og god mat. I alle fall fekk vi som hadde den fordelen å bli servert først, god mat... :)
Det har imidlertid blitt lite hvetebrødsdagar. Bård byrja på jobb klokka fire natt til mandag etter bryllaupshelga, og der har han i grunn vore sidan då. Eg og Casper har bygd vitrineskåp til alle dei flotte bryllaupspresangane, og er i gong med ei bokhylle han skal få ha alle bøkene han fekk i. I tillegg har eg jo eksamen den 12. juni, der det er ein del å ta att, så eg har ommøblert litt i stova og laga ein liten hybel til Casper ved sida av leseplassen min. Og sånn går nu dagan!